onsdag 21. januar 2009

Dei fyrste dagane i Ecuador!

Hei!

Du er no komen på bloggen til Geir Angeltveit. Som i desse dagar er volontør for MisjonsAlliansen i Ecuador. Her skal eg vera omtrent ut Juni09. Alt skal finansierast sjølv, men har du lyst å støtta meg i å støtta arbeidet her nede! Ta kontakt! Heila mitt opphold er finansiert av meg sjølv, etter ein lang periode med jobbing oppe i Trondheim. Om du vil lera meir om MisjonsAlliansen, arbeidet dei driver med, så har du www.misjonsalliansen.no eller om du har lyst å støtta arbeidet (men ikkje gjennom meg) har du den norske organisasjonen, LaMitad (www.lamitad.no) som er ein veldig bra organisasjon som gir mykje til området her nede!

Velkommen til bloggen min! Bilete kjem så snart eg får moglegheita, internetten her nede er ikkje av det kjappe slaget!



Endeleg er eg komme fram. Omtrent eit halvt år med harbarka arbeid oppe i trøndelags hovudborg, trondheim (for å sammla peng til å faktisk finansiera dette her) og etter mykje styr med at posten rota vekk visum, som endte i at eg måtte utsetja reisa med 2 uker (som ikkje var så gale, mtp at eg fekk med meg fjorårdstreffet på borgund) så er eg endeleg her.

No den fyrste dagen så hadde eg eit møte med ledarane for volontørane, fekk frukost, traff dei andre volontørane og fekk tildelt spansklerar og spansktimar. 2 timar kvar dag i 1,5mnd :P 1 lerar, 1 elev, her Fernando Uollio.

Ellers så hadde me ein liten felleskveld med sport og slikt, for å bli litt betre kjent.

Onsdagen, idag, hadde me eit møte med alle volontørane, samt misjonærane og dei andre som er med og jobbar her nede. Me gjekk gjennom Mål, forventningar og bli kjendt. Prøvd ut t-shorter, og fått 3 stykk. og bare generell inføring.

Kjetil, leiaren for fotballprosjektet "Fotball flytter grenser". Me er 7 stykk som tenker å vera fotballvolontørar. Og DET prosjektet virkar veldig spennande. Ute i sol og varme og spela fotball i 5.5mnd virkar fristande. Ellers så kan eg også vera med på skular som engelskassistent.

Misjonsalliansen har 4 banar ute i nordområdene her, og det er fleire ildsjelar av nærbefolkninga som deltek. Fotballprosjektet tar skikte på å vera ein seriøs konkurrent til dei dyrare private fotballskulane inne i byen, mtp kvalitet, slik at dei gode talenta vil bli på fotballskulen.
Poenget med fotballprosjektet er ikkje å skape spisskompetanse, men å gi ungdommen og barna i slummen eit fritidstilbod, slik at dei ikkje endar opp med å rota seg inn i narkotika, kriminalitet, gjengar og annan dårleg aktivitet.


Om anna; her nere er det regntid no, har såvidt opplevd eit lite regnskur, men det skal vera mykje værre, det går som sagt i bølger. Temperaturen er det ikkje å sei noko på, det er godt og varmt her. Spesielt når ein spelar fotball ute i varmen, det kan bli litt hett, ja.

Dei andre volontørane virkar også veldig kjekke, ein variert gjeng er det også.


Og til alle i Noreg som sitter inne i snø- og sluddvær, så er det ingen sympati herifrå :D

Bilete kjem så snart eg får moglegheita til å lasta dei opp, det tek litt tid med dette nettet her.

Med gode og svette helsingar,
Geir