mandag 13. april 2009

Besøk frå Borg.

Når sant skal seiast så fekk me også besøk frå Borgund folkehøgskule. I starte av mars, når dei skulle starta si ferd i Syd-Amerika. Dei var med oss her på Casa Alianza i omtrent 5 dagar.
Dei gjekk gjennom same opplegget me hadde i fjor (Zzzz), SLUMTURISME!
kjenner det litt etter å ha vore her, at det føles litt ekkelt med slumturisme, men det blir jo ikkje heilt det såklart. Men kan følast slik iblandt, ikkje for oss, men for alle som er på besøk, for oss, om dei.

Men uansett, me fekk besøk av fleire gamle kjente frå tida på Borgund, deriblandt Rektor Willy, som var ein gladfugl som alltid, vår gode venn Alexander Eraker som likte seg så godt at han liksågodt tok eit år til, og Katrine og Vivienne i tillegg, som har blitt stipper i år. Samt at me har vorten kjent med eit par nye folk.

Jentene kom endeleg saman igjen!

Rektor WILLY og Vivienne.

Eraker står alltid klar og fotogen til det som
måtte vera av bilete.


Ein fin liten bunke av klassen då Willy spanderte
middag på meg og Eirin.


Bråkmakere som absolutt insisterte på å få bilde
sitt på bloggen min, enjoy.


Katrine er litt lost i Syd-Amerika.

long time no see!

Oi oi, blir ei stund sidan eg har skrevet på bloggen her no, har bare ikkje gidda! måtte faktisk spørra kva me hadde gjort for å komme på alt, men har vel ikkje komt på alt. For å sjå bileta i korrekt oppløysing, så må du trykka på dei. nokre av dei vert kutta i kantar osv på denne sida.

Arbeidet er igang, sidan starten av april har det ordinæra skuleåret byrja så smått, grunna nye reglar som gjer at alle må betala for skulane mykje tidlegare, gjer at mange av familiane i slummen rett og slett ikkje kan betala dei "usle" $10 staten skal ha, det blir ganske umogleg når du kanskje har 3-4 ungar på skule og familien har $1-2 å leva på per dag. Så skular som skulle vore overfylte og ha 25-35 elevar, så er det rundt 10-15 av dei no der eg har vore å jobba, og det er rett og slett latterleg, ikkje berre det, men det er langt frå den einaste nye regla, blandt anna skal alle rektorar skiftast ut, fordi president trur det er bra. Men det som for oss kan virka veldig sprøtt kan vel ha sine hensikter her, for å forhindre korrupsjon osv. Men det fører til veldig mange ulemper for veldig mange folk.
Når eg fyrst er inne på temaet om skulane, ein ting er å ha skule, og det er jo bra at dei får det no, men å tru at den på langt nær er noko lignande norsk skule er å ta veldig hardt i. Her er det 3 timers dag, ingen skikkeleg læreplan, varierer frå om læraren er der eller ikkje, ingen har lesebøker, inkludert lerarane. Men det som eg har reagert meist på, er rett og slett skulematen, dei må alle kjøpa eller ta med skulemat sjølv, som jo er greit nok det, men her er det snakk om born frå 6-16 som sitt første måltid på dagen er ein liten plastpåse med ein form for sukkerbombe av ein brus, samt kanskje ein slikkepinne eller ein liten pose chips. Av erfaring, å prøva å lera nokon nokosomhelst etter 'måltidet' er ganske håplaust.
Det som er veldig bra no, er at Misjons Alliansen skal starte eit prosjekt for å undervise i litt ernæring, deriblant mjølk, brød uten sukker og litt variert kosthald, det er eit av dei store problema, kanskje ikkje underernæring, men feilernæring, tenner er råtne knapt før du har fått dei.
Men det er veldig kjekt å vera på skulane, der eg har vore no, og der eg ska byrja tysdag, har ikkje hatt eller har engelsklerar, så det har vore mitt ansvar, og det er ganske kjekt! Det er veldig mange som verkeleg har lyst å lera seg Engelsk, som gjer det heile så mykje kjekkare.


Omtrent 4100Moh.

Quito!

Fantastisk bygningar i Quito! Dinna katedralen blei bygd
av demoner ifølge myta.


Sí se puede!
Vaaaamoooos Ecuadorianos ---- Tenemos que gana!
Adriano maricon, adriano maricon!
Og mykje anna, dette er fraser som blei brukt ganske flittig når eg var i Quito.
Når me hadde ei lita langhelg, så fann eg og ein kompis ut at me ville heller fera til Quito enn til kysten, me hadde lyst å sjå landslagskampen, Ecuador mot Brasil.
Me tok ein av verdas lengste taubaner opp til ~4100moh, stakk til ein by ca 2 timar utanfor Quito som heitar Otavalo også, byen var for det meista befolka av etterkommarar av inkaene, og det var ganske tydeleg.
Ei spansk dama som dreiv og lagde plastikkunst til salgs på div. bodar osv i Ecuador.


Både Quito og Otavalo var to byar som var mykje finare enn Guayaquil, Quito, som er hovudstaden i Ecuador er dog også bare den nest største byen. I Otavalo besøkte me kusina til stefar til tommi, som bodde der som ein kunstnar, ho hadde budd der i rundt 25 år. og malte bilder, lagde kunst og dreiv nesten ein opent gjestehus, veldig kjekk dame, som såg ut til å storkose seg. Ho pleide ofta å ha utstillingar heima i Finland også, det som var litt artig var at hennar Ecuadorianske ektemann var i Finland og arbeidet.
Me presterte faktisk finna "sentrum" av Quito. Som ikkje er ei lett oppgåva.

Me overnatta der før me returnerte til Quito. Siden denne turen var ein rein hyllsest til impulsivitet (mtp at me fekk billettar til kampen, fekk tak i slekningen hennar og fann hotell osv) så hadde me kanskje ikkje forberedt oss nok mtp på pengar, så det blei litt ringing og overføringar, for å få betalt hotellet. Men det ordna seg. Mista dog telefonen min på den turen, om den blei stjålet eller bare forlagt er eg usikker på. men pytt sann, ingen som får noke nytte av den uansett, for den virker ikkje i Ecuador!

Rumiñawi var ein av dei verkeleg store Inka-Kongane!

Ein fortsatt aktiv vulkan me var så heldige å sjå før me for.

Her er gjengen me besøkte. frå Venstre, Tommi,
Rodriguez, Carla og Arya.


Liten katredral midt i Otavalo.







Fútbol!
Må nesten nemne det litt spesilt. Ecuador, eller Syd-Amerika generelt, er ekstremt fotballintereserte. Det blir ein del speling av fotball, og ikkje minst sjåing, eit vanleg spørsmål frå ein Ecuadorianer i barne-ungdomsalderen er "kva lag er ditt i England, i Norge etc?"
Brasil mot Ecuador-kampen var fantastisk, , dette var ein avgjerande kamp, og begge laga spelte for harda livet. Var fantastisk å sjå på. endte 1-1, etter fantastisk taktisk spel av Ecuador, flaks av Brasils spisser og ein fantastisk keeper, Julius Cesar i Brasils 16-meter. Sjølv om generelt sett fotball her nede er ganske laber, så er det fortsatt ganske lett å la seg rive med. Me kom under det store Ecuadorianske flagget og det var heilt ekstatisk. Var omtrent 40.000 på stadion, og ein fantastisk stemning.
Ecuador mot Brasil på Estadio de Atathualpa, 2800MOH i Quito!
40.000!

Me har også vore på kamp mellom Barcelona (kopi av Barcelona frå Spania, er byens lag ála Vålerenga i Oslo, for dei mindre rike folka. (Emelec = Lyn). Barcelona spelte mot Deportivo Cuenca, ikkje den beste kampen, me veldig morsomt å vera på stadioen.
Må nesten ta med ein fotballkamp frå igår, El Classico De Ecuador, som den heiter. Det største laget frå Quito, "Liga de Quito" mot det største i Guayaquil, "Barcelona". kampen gjekk 14. minutter på overtid, inkludert ekstremt mykje filming, kort og bytter, endte opp med at ein vanleg spelar måtte ta på seg keeperdrakta då keepern fekk rødt kort 4 minutter på overtid, og dei var tom for bytter. Det heile var eit sirkus uten like!

Alt av vanlege ting.
Sumarferien er over nå, og me har endeleg fått byrja på dei skikkelege skulane, det er veldig kjekt å leka med borna, men litt kjekkare å lera dei noko, mindre slitsomt også. Me har fått feira nokre bursdagar, deriblandt ein på ein italiensk restaurant som hadde akvarium i taket. Bursdagsborna siste tid var Erling(24), Eirin(21), Elisabeth(25) og Tuva(20).

Utalukkande.
Eg må legga te at det har ikkje skjedd bare positive ting her den siste tida, eg kan ikkje heilt utdypa det av hensyn til personane involvert i det mest seriøse, men ulykker, ran og slikt har hendt ganske ofte faktisk. Dog er det vel kanskje vår gruppe som er litt ekstra uheldig, personleg har eg ikkje blitt utsatt for noko, og det er fleire med meg på det. Men nokre ting kan du bare ikkje forutse. Men det er ein av grunnane til at me er her, alkohol, dop, dårlige system som ikkje virker, korrupsjon, apati osv. Gjenomsyrer samfunnet på ein så ekstremt ødeleggande måte.