mandag 13. april 2009

Besøk frå Borg.

Når sant skal seiast så fekk me også besøk frå Borgund folkehøgskule. I starte av mars, når dei skulle starta si ferd i Syd-Amerika. Dei var med oss her på Casa Alianza i omtrent 5 dagar.
Dei gjekk gjennom same opplegget me hadde i fjor (Zzzz), SLUMTURISME!
kjenner det litt etter å ha vore her, at det føles litt ekkelt med slumturisme, men det blir jo ikkje heilt det såklart. Men kan følast slik iblandt, ikkje for oss, men for alle som er på besøk, for oss, om dei.

Men uansett, me fekk besøk av fleire gamle kjente frå tida på Borgund, deriblandt Rektor Willy, som var ein gladfugl som alltid, vår gode venn Alexander Eraker som likte seg så godt at han liksågodt tok eit år til, og Katrine og Vivienne i tillegg, som har blitt stipper i år. Samt at me har vorten kjent med eit par nye folk.

Jentene kom endeleg saman igjen!

Rektor WILLY og Vivienne.

Eraker står alltid klar og fotogen til det som
måtte vera av bilete.


Ein fin liten bunke av klassen då Willy spanderte
middag på meg og Eirin.


Bråkmakere som absolutt insisterte på å få bilde
sitt på bloggen min, enjoy.


Katrine er litt lost i Syd-Amerika.

1 kommentar: