søndag 1. februar 2009

Første 10 dagar.


Det å få satt seg til ro!
(Det å fly 12 timer er ikkje så gale når du har rusenvis av filmar og musikk å nyte!)


No har eg vore her i drøye 10 dagar. Det vert berre kjekkare og kjekkare å vera her.

spanskundervising
Eg har fått starta med spansk no. Har time, 1 lærar og 1 elev, 2 timar kvar dag, samt ein del lesing, pugging og oppgåver utover det. Spansklæraren kan knapt engelsk, og eg trudde det kom til å bli eit problem, men det er det ikkje. Læreren min heitar Fernando Uollia, og er utdannet psykolog i tillegg til spansklærer (Ekvadoriansk grunnlov seier at ein kan maks jobbe 100 timer i kvar jobb eller noko i den duren). Men spansken går mykje betre enn det eg hadde trudd, kanskje takk til 3 år med det på VGS. Har hatt 12 timer med det no. Og spansken går utruleg greit sånn i vanlege situasjonar.
Nokre av dei beste i spansk skal starte litt med ferieskule og slikt i denne veka også, oss andre skulle venta litt, er greit å vera stødig i språket før ein skal ut i feltet mtp å vera ein ressurs framfor ein byrde eigentleg.

Her har me funnet igjen ein gamal favoritt frå sør-amerika turen i fjor. Inca Kola, desidert ein vinnar!

sånn ellers...

Nei me har da eigentleg ganske bra på Casa'en igrunn, sidan eg sist skreiv noko har me fått gjort veldig mykje, vore ute og feira bursdag på ein fiskerestaurant (eg spiser ikkje fisk). Men merk det; eg som bestilte kylling var ein av dei som faktisk var fornøyd med maten!

Me har hatt besøk av eit TV-team, dei har vore rundtomkring og filma "utlendingar" som snakkar engelsk, fordi dei lagar eit undervisnings TV-program som skal gå på TV her nere, og lære befolkninga litt engelsk, og det var jo ganske morosamt for oss.

Det same TV-teamet som var og filma oss, inviterte også eit par av oss med for å spela fotball, så me var på kunstgrasbane (Michael, Erling og meg), som ikkje er så reint lite luksus her, og spelte fotball med dei, absolutt morsomt, så blei jo invitert tilbake der. Så får sjå kor lenge det varer.

Nei kva anna har me gjort eigentleg. Det var ein flott liten oversvømmelse her på fredag (merk: regntid er REGNTID!) så nokre av oss for til Las Peñas, medan dei andre sto og moppa vatn. Og det var ikkje snakk om små mengden vatn igrunn, det var ganske så oversvømt her.

Denne helga her var me på Montañita. Montañita er eit ferieparadis for litt velstående ecuadorianere, eller sånn normale nordmenn. Plassen er vel omtrent fri for politivesen, lover og hemninger.. Men plassen var absolutt fin. Hang på stranda og i bølgene, sola sto høgt, og gradestokken likeså. Nokre av oss surfa, andre koste seg i vatnet, nokre handla osv. Var der frå Laurdag til Sundag, Montañita ligger ca 3 timer vest for Guayaquil. Heilte opphaldet munta vel til $40-50, inkludert transport og mat. Veldig bra plass for surfing, sjølv om underteikna nøyde seg uten det tilbodet. Når det kommer til solbrentheit så kan eg sei eg smørte meg ærdeles godt, og holdt meg svifri heila opphaldet. Det var då me køyrde frå Montañita igjen at det skar seg litt. Med vindauga opent og handa halveis ut, vert ein fort solbrent utan å tenka over det. :/ så eine armen er forholdsvis raud kan ein sei.


Eg skulle hatt nokre fleire bilete. Men har hatt litt problem med akkurat det. Skal ordna det litt seinare.


Hasta la vista!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar