torsdag 12. februar 2009

Kva har skjedd her da?

Hoppebilder er ein stor favoritt.... Montañita.



magne vert begravd og forbetre på Montañita.

her har Erling fått seg lunsj, Montañita.

me vente på lunsj. Magne, Katrine, Eirin og Tuva.

Ein liten krabat. Det er nok av dei rundt, men dei er veldig lyssky. Søte og koslige, til forskjell frå rottene, store som kattar (kattane her er små dog)


Ein liten tienda, eller butikk, ute i slummen. Eigaren fekk lån frå Misjonsalliansens D-MIRO organisasjon, og klarte å laga ein butikk og lever mykje betre no.


Her er me på "Frutabar" og venter på forskjellige juisar, nokre gode.. nokre ikkje fult så gode...


Meg, ei av spansklærarane (ikkje min) og finnen Tommi. Alle gutane har barberingsforbud fram til karnevalet, 23. Februar.


Eit lite bilete frå Montañita, herleg plass.


Begynner bli litt sidan eg fekk oppdatert bloggen. Har fortsatt litt problem med mine eigne bilete, så skal legge opp så snart eg får nokon frå nokre andre.

Har no vore her kring 3 veker, eg har det kjempebra. Tar litt tid til å venna seg til blandt anna maten, varmen, folka og språket, men det går som oftast bra.

Men for å sei litt om det ja, maten her nere er veldig god, går mykje i ris og kylling, men også ganske 'rare' ting som bananer (ein form for grønnsaksbanan, ikkje søte gule, men smaker som umodne grønne bananer) som frityrsteikast og saltast, som potetgull, men det er fult mogleg å få spist normal norsk mat også, om ein då kan tenka å laga det frå bunn, godt kjøtt og gode råvarer er ikkje langt unna, og til ein ganske behageleg pris.
Må nesten nemne fruktene her nere, og prisene som følger med dei. Frukt er godt i Norge, det er heilt fantastisk godt her nere, andre typar fruktar, typar, størrelser, tilberedningar osv. Tropiske fruktar som ikkje vert eksportert nokonplass av div. årsaker. DET er veldig synd, fordi dei fruktene er betre enn dei beste norske jordbær!
Ellers er det ris det går i, til kvart einaste måltid (som me ikkje lagar sjølv).

Varmen, eller været her nere er ein heilt anna sak. Regnet strir ned som ein vanleg norsk sparedusj, har vore oversvømmelse her fleire gongar og det er bare noko me må leva med. Varmen er herleg dog, sjølv om det er ei rar kjensle å frysa og måtta gå med jakka når det er 22-23 grader i lufta. dog ligg den vanlegvis rundt 26-36 akkurat no, og det er sumar og regntid også. Men det skapar problemar her nere, f.eks. ein nybygd 8-felts motorveg vart nettopp oversvømt og bilar låg og flaut, av den enkle grunnen at når dei bygde den (i tørkeperioden) så tenkte dei ikkje på drenering. Ville vore heilt håplaust i Noreg, men her nere er det ting ein må bare akseptera, så er det litt slurv. Som dei som nett pussa opp huset her, som presterte å sette dodøra med smekklås feil vei, slik at ein vert stengd inne, eller at dusjveggen står på feil side av dusjen og har absolutt ingen funksjon... skapløysinga deira er ei heilt anna historie då. ein vegg forran hyllene er jo ganske bra! Men me berre ler, uansett så har me mykje betre standard enn noko me hadde forventa før me kom ner her. Nokre besøk i slummen gir heller ikkje stakkars norsk ungdom noko rett til å klaga. Der veggane er av bambus, Aircondition er eit fremmedord, innlagt vatn er luksus (merk det går ikkje ann å drikke det).
Ellers så var me ein tur til strandparadiset Montañita også, det forklarast betre med bilete ved eit seinare tidspunkt, må berre få redigert vekk noko raudfarge frå huda mi...


Begynte på min fyrste arbeidsdag no på Måndag, me som kan nok spansk til å byrja på ferieskulane (det er sumarferie for dei her no) har fått komt oss ut i arbeid. Og det kan seiast å vera annerledes enn det me hadde forventa. Eg og ein av mine nye venna her nere, finnen Tommi, blei satt, fyrste dagen, til å ha ei dansegruppa (alle 4 klassane, alle 4 timane, heile dagen). Og me hadde ingen aning på kva me skulle gjera. Vert til at me improviserte nokre "kjære gode gamle norske dansar", lærte dei nokre leikar, som "Haien kommer", "Hode, skulder, kne og tå"(på spansk), "Tredjemann i vinden", "fruktsalat" osv. Var forholdsvis morro å få prøvd det, hadde "faget" måndag og tysdag, byta med dei to andre onsdag og torsdag slik at me fulgte ein klasse heile dagen istadenfor. Kurrant det også, men meist morro å leda eit eige "fag". Har fått lært nokre ecuadorianske leikar også, blandt anna "Capitán Manera"(henteleiken) og fútbol(fotball, bare at hendene er lov tydligvis.) Sidan det er ferieskule så er det ikkje så heilt seriøse fag, var sport, dans, data, handarbeid (skumgummi vesker O.o) og perling (lagde meg perlering!) Neste veka vert me plassert på eit ungdomssenter/kyrkja for å hjelpa til med aktivitetar der, lure på korleis det vert.

har no hatt omtrent 28-30 timar med spansk. byrja bli forholdsvis god i det vil eg sei, slite litt med fortid og slikt, men ordforrådet veks og veks, og å snakka med born hjelpe veldig, veldig kjekt å bare snakka spansk på instinkt, og me har berre vore her i 3-4 veker..


Men alt det der er bra.. men det har også skjedd ting som ikkje har vert så bra. Var ei gruppa som vart rana her på Måndag, på vei heim frå ein ISbar i sentrum, medan nokre av oss stakk på kino, vart 1 av 2 taxiar rana på vei att til der me bur. Då var det 2 menn som fyrst pressa bilen, for så å hoppa inn i taxien, med pistolar og rana 4 stykker. Då dei ikkje fekk med seg det styrste byttet, så er det ikkje noko kjekt i det heilatatt å bli rana og spesielt ikkje med pistolar av truande spanjolske menn som er umogleg å forstå... Ganske synd, men det er ein veldig farleg by me lever i, har blitt åtvara om det før, men som kvite mennesker, så er me automatisk eit rikt bytte, om det var tilfelle no eller om det var tilfeldig, veit ein ikkje, men kjekt er det uansett ikkje.

2 kommentarer:

  1. Hallais!
    Så du har dansetimar, altså! Då måtte eg le!:D Sikkert eit syn!

    Fryse du i 23 grader? Me har omkring null grader no om dagane. Kaldt, men fint å kunna bruka ski. Skjeldan aktivitet.

    God tå høyra at du har da bra! Hørre rykte om at du har prøvd å ringa uten suksess. Prøv igjen!! No veit eg at du har IP-tlf.. skal ikkje legge på :P

    Pass deg for røvarar og lurete folk! Skummelt å tenka på at folk kan trua dåke med pistol..

    Skriv meir! Fine bilde :)
    klem.

    SvarSlett
  2. me omgjorde den for det meiste til ein leikeklasse.

    SvarSlett